Mandag 15. Februar 2010
No er 2010 godt i gang, og det same er SLUG. Dette vert eit spanande år med mykje aktivitet. Saman med Kirkens Nødhjelp og
Changemaker så har vi allereie gjennomført ein vellukka
kampanje for å få sletta Haiti si gjeld
. 20 av våre medlemsorganisasjonar, i tillegg til KN og CM, har stilt seg bak kampanjen. Vi følgjer så klart norske styresmakter
sitt arbeid med dette vidare.
2009 var eit år med mykje aktivitet og mange mål vart nådd. Vi fekk mellom anna Stortingsvedtak på viktige saker (sjå
Historisk dobbelsiger for SLUG i Stortinget
) og Regjeringa vedtok endeleg at den vil gjennomføre ein gjeldsrevisjon (sjå
SLUG-innspill tatt med i ny regjeringsplattform
). Den norske gjeldsbevegelsen, med SLUG i spissen, jobbar for fullt med politisk påverknadsarbeid både nasjonalt og internasjonalt.
Finanskrisa har dessverre gjort arbeidet vårt meir aktuelt enn nokonsinne, og det er mange saker å ta fatt på. Dei økonomiske
bidraga frå støttemedlemmane gjer det mogeleg for SLUG å fokusere sterkt på det politiske arbeidet.
No framover vert det arbeid med den ferske rapporten om Internasjonale Finansinstitusjonar og korleis Noreg kan påverke politikken
der, lansering av ein rapport om Indonesia si gjeld til Noreg, og arbeid for å få politikarane til å følgje opp løfta dei
har gitt i regjeringserklæringa. Det kjem meir informasjon om alle desse aktivitetane i
Nyhetsbrev
framover, og de kan også finne informasjon på våre nettsider.
SLUG har i år endra litt på summane for støttemedlemsskap, men kategoriane er dei same. De vel sjølvsagt sjølve kva sum de
vil støtte oss med:
Gjeldssletter (Ordinær): 500 kr pr år
Gjeldssletter (Student/Arbeidsledig): 150 kr pr år
Hverdagssletter (En krone hver dag): 365 kr pr år
Multilateral Megasletter: 1000 kr pr år
Vi håper på å bygge opp vårt nettverk av støttemedlemmar i 2010, så tips gjerne venner og kjente om denne sjansen til å støtte
viktig arbeid for ei meir rettferdig verd!
Betalingsinformasjon:
-
Gå inn på betalingssida på
deltaker.no
-
Fyll inn fornamn, etternamn og e-postadresse
-
Vel kor mykje du vil gi i støtte
-
Fyll inn adresse viss du vil ha Gjeldsbrevet i posten to gonger i året.
-
Fyll inn personnummer og adresse viss du i løpet av 2010 vil gi meir enn 500 kroner, og du vil trekke det frå på skatten.