Dei siste gribbane forlèt Liberia

Liberia er eit av dei fattigaste landa i verda, og har i fleire tiår vore prega av ein enorm gjeldsbyrde. Dei siste åra har landet fått sletta både multilateral gjeld gjennom HIPC-initiativet til Verdsbanken og IMF og bilateral gjeld direkte til kreditornasjonar i Paris-klubben. I november vart det også klart at dei siste gribbefonda gjekk med på ein avtale om å slette mesteparten av den resterande gjelda. Liberia sin finansministar, Augustine Ngafuan, seier at landet aldri meir skal bygge opp slike mengder gjeld. 

Gribbefond er selskap som tener store pengar på å kjøpe opp gjeld som er i ferd med å verte sletta - for ein brøkdel av prisen - for så å krevje full tilbakebetaling. Desse fonda utnyttar dei svakaste, og gjer det vanskeleg for gjeldstynga land å kome seg på beina økonomisk. Gjennom Verdsbanken sitt program Debt Reduction Facility kjøpte Liberia tilbake store delar av si eiga kommersielle gjeld til ein svært rabattert pris i løpet av våren 2004. Dei aller fleste gribbefonda deltok også i denne prosessen, men to fond, Hamsah Investments og Wall Capital, gjekk ikkje med på dette.

Dei to gribbefonda gjekk til sak mot Liberia i England og fekk i november 2009 gjennomslag på krav om til saman 20 millionar dollar, noko som tilsvarte ca 5% av statsbudsjettet, eller halvanna helsebudsjett for Liberia. Men i løpet av våren 2010 vart ei banebrytande ny lov mot gribbefond vedteke i Storbritannia, noko som førte til at denne dommen vart kansellert. No har Hamsah Investments og Wall Capital gått med på ein avtale der Liberia skal betale litt over 3% av gjelda på 43 millionar dollar.

Det er både svært gledeleg og heilt på sin plass at Liberia fekk ein solid rabatt på denne umoralske og delvis illegitime gjelda til gribbefonda. SLUG håper Liberia sine erfaringar med gribbefond i det minste vil bidra til å sikre betre regelverk for å hindre slik økonomisk utnytting i framtida.


Foto:
Liberia sitt flagg, av Teri Weefur
Rovfuglen gribb (vulture på engelsk) som gribbear fått sitt navn frå, av Thermos.


Kjelder:
www.regjeringen.no:
Endelig sluttstrek for «gribbefondene» i Liberia, 28.12.2010
African Business Review:
Liberia to repay long due debts of ‘vulture funds’, 25.11.2010
SLUG: Gribber over Liberia, 19.07.2010, og Banebrytande lov mot gribbefond, 08.12.2010
BBC News: Liberia ordered to pay 'vulture funds' over 1978 debt, 26.11.2009
 



Les også: