Haiti får tilbake diktatorpenga frå Sveits

Haiti har, heilt sidan landet vart sjølvstendig, vore tynga av illegitim diktatorgjeld. Etter 24 år har Sveits endeleg vedteke ei ny lov som gjer det mogeleg for dei å betale Haiti tilbake pengar som diktatorane stjal frå landet.

Haiti har, heilt sidan landet vart sjølvstendig, vore tynga av illegitim gjeld. Denne stamma blant anna frå diktatorvelda til ”Papa Doc” og ”Baby Doc” Duvalier frå 1957 til 1986. Etter 24 år har Sveits endeleg vedteke ei ny lov som gjer det mogeleg for dei å betale Haiti tilbake pengar som diktatorane stjal frå landet.

Haitiflag-size227x151quality75

I 1986 tok den nye regjeringa i Haiti kontakt med Sveits for å fryse ein bankkonto med over 5 millionar dollar eigd av ex-diktator Duvalier. Til tross for at det var godt dokumentert at ressursane regimet mottok ikkje gjekk til folket, men hamna i familien Duvalier sine lommer, fekk dei fortsette å ta opp lån frå land og internasjonale finansinstitusjonar.

Sidan 1986 har både Haiti og Sveits jobba med å finne ein måte å få sendt diktatorpengane tilbake til den Haitiske stat. Samtidig har Duvalier, som bur i eksil i Frankrike, kravd å få utbetalt pengane. I eit intervju med The Wall Street Journal nektar Duvalier på å ha gjort noko gale, og held fast på at pengane tilhøyrer han og familien hans. 

MapofHaiti-commons.wikimedia.org-size470x1200quality75

Berre timar før jordskjelvkatastrofen ramma Haiti i januar i år, vedtok rettsvesenet i Sveits at denne saka var forelda, at dei ikkje lenger kunne fryse bankkontoen, og at pengane måtte betalas tilbake til Duvalier. Sveits har tidlegare måtte betale tilbake midlar til diktatorar grunna mangelen på ei slik lov. I 2009 betalte Sveits blant anna tilbake pengar til Mobutu (les meir om Mobutu Sese Seko sitt regime) , tidlegare diktator i Zaïre. Men den nye lova gjer det mogeleg for Sveits å returnere ulovlege diktatorpengar frå Sveitsiske bankar. Men den nye lova som vart godkjent av parlamentet midt i september overstyrer dette vedtaket om Duvalier sin bankkonto, og vil gjere det enklare for Sveits også i framtida å betale tilbake diktatorpengar til dei landa som har krav på dei.

For å sikre at desse pengane ikkje bidreg til nye overgrep, er det i den nye lova også lagt inn krav om at diktatorpengar som vert returnert til eit land skal gå til å auke livskvaliteten for folk flest, til å styrke rettssystemet og til å kjempe mot kriminalitet.


Kjelder:
Give Back Stolen Cash? Not So Easy
- The Wall Street Journal
Parliament backs dictator assets law
- swissinfo.ch

Les meir om SLUG sin kampanje for å slette Haiti si gjeld etter jordskjelvkatastrofen



Les også:

Facebook Twitter Email