Verdsbanken og kondisjonalitetar i Ghana

Verdsbanken påverkar framleis økonomisk politikk i u-land gjennom vilkår, eller kondisjonalitetar, i låneavtalar. Eurodad har nyleg sett på Verdsbanken sine kriselån til Ghana etter finanskrisa, og konkluderer med at banken sine mange vilkår hindrar Ghana i å ta sjølvstendige avgjersler om kva tiltak som skal setjast i gong for å kome seg ut av krisa, og for å fremje langsiktig utvikling. 

Talet på kondisjonalitetar knytt til lån frå Verdsbanken har gått ned drastisk, frå eit snitt på over 40 kondisjonalitetar til kvart lån på 90-talet til eit snitt på om lag 15 i 2009. Den viktigaste grunnen til denne reduksjonen er i følgje banken sjølv å sikre låntakarlanda større politisk handlingsrom.

Men det er ikkje berre talet, men også substansen i vilkåra som avgjer kor stor innflytelse dei har på økonomisk politikk. Ein ser også at vilkåra no ofte ikkje vert inkludert i sjølve lånedokumentet, men vert formulert i eit vedlegg. Dette er urovekkande og ei tydeleg svekking av prinsippa for innsyn og openheit.

Ghana var eit av dei u-landa som før finanskrisa liberaliserte og privatiserte økonomien sin i tråd med råd frå dei internasjonale finansinstitusjonane; Desse landa vart ramma svært hardt av dei mange krisene som kom slag i slag: mat-, drivstoff-, klima- og finanskrisa.Ghana hadde i 2008 eit budsjettunderskot som tilsvarte om lag 20 % av landet sin BNP. I dei tre kriselåna som Verdsbanken ga Ghana var det til saman 57 kondisjonalitetar, og dette inkluderer både eksplisitte, bindande vilkår og såkalla ”benchmarks”, frå lånedokument og frå vedlegg. Eksempel på desse kondisjonalitetane er tilsetjingsstopp i offentleg sektor, privatisering av statlege selskap, og fleire spesifikke krav til forvaltning innanfor utvinningssektoren.
Nora Honkaniemi frå Eurdoad skriv at ”Viss Verdsbanken vil forplikte seg til å betre eigarskap til eigne vegar til utviklings i u-land så må praksis tilpassas løfter slik at u-land kan utøve sin legitime rett til å avgjerde si eiga framtid.”


Alle faktaopplysningar er frå Eurodad sitt notat: Conditionality in World Bank crisis-lending to Ghana - A briefing by Nora Honkaniemi, Juli 2010.

Foto banner: Walt Jabsco (Flickr)



Les også: