Viktig seier mot gribbefond

Gjeldsaktivistar i Storbritannia har vunne nok ein seier mot gribbefond. Styresmaktene har no vedteke at lova mot gribbefond som vart innført for eit år sidan skal bli ei permanent lov. 

Gribbefond er selskap som har spesialisert seg på å kjøpe opp gjeld som er i ferd med å bli sletta, for ein brøkdel av prisen, for så å kreve full tilbakebetaling. Den britiske lova mot gribbefond er den første av sitt slag, og den inneber at gribbefond ikkje lenger skal kunne krevje full tilbakebetaling av u-landsgjeld som har vorte kjøpt billig på gjeldsmarknaden.

Lova har fått tverrpolitisk støtte i Storbritannia, og den har allereie redda Libera frå eit krav frå to gribbefond på 40 millioner dollar. Det at lova no vert gjort permanent er eit viktig steg i riktig retning i kampen mot fattigdom og urettferdighet. Målet må no vere å få liknande lover i andre land.

I Storbritannia jobbar dei blant anna med å få utvida lova til å gjelde ogå i Jersey. Som uavhengig del av det britiske kongedømmet kan Jersey sjølve avgjere kva lover dei vil implementere, og lova mot gribbefond er ikkje implementert. Dette resulterer i at gribbefond nyttar seg av domstolar på Jersey for å saksøke fattige land for å få tilbakebetalt gjeld dei har kjøpt på billigsalg. I desse dagar saksøker eit amerikansk gribefond, FG Hemisphere, DR Kongo, verdas nest fattigaste land, for 100 milliardar dollar.

Jobben er med andre ord ikkje over, men vi gratulerer gjeldsrørsla i Storbritannia med ein viktig seier i kampen mot gribbefond.

Kjelde: Jubilee Debt Campaign, VICTORY: Vulture funds law set in stone


Les meir:
Banebrytande lov mot gribbefond
Gribber over Liberia
Dei siste gribbane forlèt Liberia



Les også: