UNCTAD sitt initiativ for ansvarleg långiving

UNCTAD sitt initiativ for ansvarleg långiving

For gjeldsrørsla er det eit mål at nedbetaling av gjeld ikkje skal gå på kostnad av låntakarlandet sin mulegheit til å oppfylle grunnleggjande menneskerettar for innbyggjarane sine. Prinsippa utarbeida av UNCTAD sitt Initiativ for ansvarleg långiving uttrykkjer at låntakarland i nokre tilfelle ikkje må betale ned på gjelda si i samsvar med lånekontrakten. Dette kan vere eit steg på vegen mot ein meir ansvarleg lånepolitikk. Samstundes er det fare for at  unntaket blir tolka så snevert at prinsippet blir innhaldslaust.

Dei negative konsekvensane av finanskrisa i 2008, førte til at FN-konferansen for handel og utvikling (UNCTAD) ønska å sjå på mekanismar som kan sikre ein ansvarleg utlånspolitikk. I 2009 lanserte UNCTAD difor initiativet «Promoting Responsible Sovereign Lending and Borrowing». Etter press frå norsk gjeldsrørsle, blei initiativet gitt økonomisk støtte frå Noreg. Initiativet blei etablert som eit forum for å diskutere gjedsrelaterte spørsmål, ansvarleg utlånspraksis og for å etablere eit sett med allment aksepterte prinsipp for ansvarleg långiving.

Prosjektet har bestått av ei ekspertgruppe, eksterne rådgivarar, NGOar og tilsette i UNCTAD, som i den siste tida har jobba med å utarbeide klare prinsipp for ansvarleg låneprosessar. Prinsippa blei lansert i april. Håpet er at dei vil kunne sikre betre lånekontraktar, hindre nye gjeldskriser og skape ei meir berekraftig utvikling for utviklingsland.

Prinsippa

Dei føreslåtte retningslinjane er i dag samansett av 15 prinsipp. Dei er ikkje meint å etablere nye reglar, men skal samle alt eksisterande og aksepterte reglar og praksis på området. Prinsippa tek føre seg både långivar og låntakar sine plikter og rettar.

Allereie tidleg i prosessen var det klart at det er stor usemje om utforminga av prinsippa. Usemja gjeld korleis ein skal implementere prinsippa, det vil seie i kor stor grad initiativet skal teikne opp ikkje-bindande retningslinjer eller regulere dette området med eit bindande regelverk. I tillegg er det stor usemje om kva prinsippa skal omfatte. Her diskuterer ein kva prinsipp som på ein god måte vil skape ansvarleg långivingsprosessar og i kva grad dei føreslåtte prinsippa faktisk er baserte på eksisterande reglar eller praksisar.

Forsøk på å samle støtte

UNCTAD har hatt konsultasjonar med ulike styresmakter for å byggje konsensus om innhaldet i prinsippa. I tillegg arrangerte dei ein tverrfagleg konferanse i mars, der målet var å samle støtte til prinsippa frå ulike akademiske felt. Med på konferansen var juristar, økonomar, statsvitarar og revisorar. Prinsippa for ansvarleg långiving vart samanlikna med nasjonale regelverk, internasjonal handelsrett, investeringslovgiving, konvensjonar mot korrupsjon og internasjonale revisorstandardar. Eit saksfelt som derimot ikkje vart drøfta opp mot prinsippa for ansvarleg långiving, var korleis gjeld og långiving knyt seg til menneskerettane.

Gjeld og menneskerettar

Eit område det har vore usemje om er i kva grad og i kva tilfelle prinsippa skal åpne for at låntakar i visse tilfeller skal kunne få sleppe å betale attende på lånet slik dette er nedfelt i lånekontrakten. Slik det står i utkastet til prinsippa om ansvarleg långiving i dag, skal land kunne sleppe å betale attende gjeld om dei hamnar i ein situasjon kalla «state of financial necessity».(1) Det er til ein viss grad semje om at låntakarland i nokre tilfelle ikkje skal måtte betale attende i samsvar med kontrakten, men slik ordlyden er i dag er det stor usikkerheit om kva tilfelle som vert dekt.

Både gjeldsrørsla internasjonalt og akademikarar har peika på at denne ordlyden ikkje må tolkast så strengt at prinsippet vert utan innhald. For gjeldsrørsla er det eit mål at nedbetaling av gjeld ikkje skal gå på kostnad av låntakarlandet sine mulegheiter til å kunne oppfylle grunnleggjande menneskerettar for innbyggjarane sine. Vil dette prinsippet gjelde ved økonomiske kriser som følgjer av til dømes naturkatastrofar, eller eksterne økonomiske sjokk? Det er lite som er avklart på dette tidspunktet.

1: Principles on promoting responsible sovereign lending and
borrowing, third draft - UNCTAD

Artikkelen stod på trykk iGjeldsbrevet nr 1, 2012.

Bilde: Doha, Qatar



Les også: