46 låginntektsland i fare for gjeldskrise

I alt 46 långinntektsland står i fare for å havne i gjeldskrise. I dag startar forhandlingar på FN-konferansen Finansiering for Utvikling som kan være med å få på plass eit internasjonalt system for gjeldshåndtering.

ADDIS: Mellom 13.-og 16. Juli føregår den tredje konferanse for Finansiering for utvikling i Etiopia sin hovudstad Addis Abeba. Bildet viser Lion of Judah, eit kjent landemerke i hovudstaden.

Den siste tida har det vore stor mediemerksemd rundt gjeldskrisa i Hellas. Dessverre er det ikkje berre Hellas som har mykje gjeld i dag. I fjølge IMF er dei aller fleste landa som slit med høg gjeldsbyrde utviklingsland. Deira nye oversikt viser at 16 land står i høg fare for å hamne i gjeldskrise, medan 30 land er i moderat fare. Utrekningane er gjort ut ifrå kor mykje statane skuldar andre nasjonar eller private utanlandske aktørar. Alle desse debitorstatane er låginntektsland.

Norge leiar forhandlingane

Frå 13.-16. juli arrangeres den tredje konferansen om Finansiering for Utvikling, denne gongen i Etiopias hovudstad Addis Abeba. Medlemsstatane i FN møtes for å diskutere korleis framtidig utvikling kan finansierast. Bistand, miljø, næringsliv, investeringar, skatt og gjeld står på agendaen. Det har vore fleire runder med forhandlingar på førehand og det har kome eit utkast til ein avtaletekst som dannar grunnlag for forhandlingane. Den endelege teksten som blir framforhandla kan legge eit viktig grunnlag for vidare arbeid med internasjonale gjeldsspørsmål. Norge er med å leie forhandlingane og legge tilrette for konferansen. Forhandlingane denne uka kan bidra til å få på plass internasjonale system og kjørereglar som kan bidra til å hindre at land hamnar i gjeldskrise i framtida.

Dette vil SLUG

Saman med sivilsamfunnsorganisasjonar i hele verda og landa i G77-gruppa ønsker vi å få på plass ein uavhengig internasjonal institusjon for handtering av gjeld og gjeldskriser. I 2014 vedtok FNs generalforsamling å starte arbeidet med ein slik institusjon. Mange vestlege land stemte mot denne resolusjonen, og Norge stemte avholdande. Ein ny multilateral institusjon kan kome med uavhengige analyser av kor bærekraftig gjeldsbyrden til eit land er. Institusjonen kan også tre inn om eit land har hamna i gjeldskrise og bistå i forhandlingar og restrukturerring av gjeld. 

Vi meiner at ein slik institusjon må legge til grunn dei norskfinansierte prinsippa for ansvarleg utlån, utarbeidet av UNCTAD. På den måten kan ein på sikt sikre både ansvarleg utlån og ansvarleg låneopptak og med det sørge for ein byrdefordeling mellom kreditor og debitor. I tillegg kan ein slik institusjon sørge for likebehandling mellom dei ulike kreditorane og at en unngår at såkallagribbefond får operere. Gribbefond er selskap som har spesialisert seg på å kjøpe opp gjeld for ein brøkdel av den opphavlege verdien for deretter å kreve full tilbakebetaling.

Slik står forhandlingane no

Slik utkastet til avtaleteksten står no i starten av konferansen er det ikkje lagt inn formuleringar om eit internasjonalt uavhengig system for gjeldshandtering, til trass for at dei 134 landa i G77-gruppa har jobba hardt for å få inn ein referanse til det pågående arbeidet i FN. Utkastet inneheld formuleringar som peikar på at både kreditor og debitor har ansvar for låntaking, og er det lagt inn referansar til UNCTAD sine prinsipp for ansvarleg utlån. 

Det er også kome inn formuleringar som tek omsyn til land som er ramma av naturkatastrofar og som konsekvens av dette vil få vanskar med å handtere gjeldsbyrden. Utkastet inneheld mange gode poeng, men vi savnar framleis tydelege forpliktingar. SLUG - Nettverk for rettferdig gjeldspolitikk håpar at forhandlingane vil resultere i ei slutterklæring som vil styrke arbeidet for ein uavhengig internasjonal gjeldshandteringsmekanisme. Gjeldskriser er eit tilbakevendande problem og det er derfor viktig å få på plass internasjonale spelereglar som hindrar gjeldskriser i framtida. Nedanfor kjem ei oversikt over låginntektslanda som er i fare for gjeldskrise, i følge IMF.

Land i gjeldskrise

  • Grenada
  • Sudan 
  • Zimbabwe

Land i høg fare for gjeldskrise

  • Afghanistan
  • Burundi
  • Djibouti
  • Den sentralafrikanske republikk
  • Ghana
  • Haiti
  • Kiribati
  • Marshalløyene
  • Mauritania
  • Mikronesia
  • Mongolia
  • Tadsjikistan
  • Tsjad
  • Tuvalu
  • Samoa
  • Sau Tome og Principe

Land i moderat fare for gjeldskrise

  • Bhutan
  • Burkina Faso
  • Kamerun
  • Kapp Verde
  • Comoros
  • Den demokratiske republikk Kongo
  • Elfenbenskysten
  • Den dominikanske republikk
  • Gambia
  • Guinea
  • Guinea-Bissau
  • Guyana
  • Honduras
  • Kirgisistan 
  • Laos
  • Lestho
  • Malawi
  • Maldivene
  • Mali
  • Mosambik 
  • Nicaragua
  • Niger
  • Sierra Leone
  • Salomonøyene
  • Sør-Sudan
  • St. Lucia
  • St. Vincent og Grenada
  • Togo
  • Tonga
  • Jemen

Har du spørsmål om gjeld eller  ønskar å vite meir om SLUG - Nettverk for rettferdig gjeldspolitikk, kontakt oss



Les også: