Island gjennomfører folkeavstemming om tilbakebetaling av Icesave-gjeld

Slett U-landsgjelda (SLUG) og den internasjonale gjeldssletterørsla har lenge snakka om behovet for eit meir ansvarleg system for opptak og slette av gjeld. Det som skjer på Island i desse dagar er eit tydeleg eksempel på dette.

Eit nytt ansvarleg system for långiving og låneopptak vil ikkje berre kunne sikre stabilitet i Europa, men vil også kunne hjelpe fattige land med store gjeldsbyrder til å finne ein veg ut av fattigdom.

På Island, og i mange andre liknande tilfeller, vert alt ansvar for gjelda lagt på låneopptakaren. Land har ikkje den same beskyttelsen som det selskap eller enkeltpersonar får med sine kreditorar, og kan ikkje verte erklært konkurs på samme måte. Gjelda kan vokse til eit nivå der gjeldsbetjening går ut over menneskerettane for folk i landet, og det er dette SLUG kallar ubetalbar gjeld. SLUG meiner at eit land må ha rett til å prioritere menneskerettar over gjeldsbetjening.

Islandsaka handlar ikkje om at Island ikkje skal betale noko som helst, men det handlar om at det er alltid to sider i eit låneforhold, og begge sider må dele ansvaret når noko går gale. Systemet vi har i dag legg all skyld på låntakarlandet. SLUG arbeider for å få på plass eit internasjonalt regelverk for ansvarlig långiving og ein internasjonal gjeldsslettemekanisme der utlånar og låntakar kan føre sine gjeldsforhandlingar. Det som no skjer på Island synleggjer kor viktig dette er.

Les meir:

Iceland voters should demand new debt system

Island skal ikke bære hele ansvaret