Norge slettar gjeld til Gambia
Regjeringa har vedteke å slette 2,5 millionar kroner av Gambia si gjeld til Noreg. Gjelda blir sletta innanfor HIPC-rammeverket.
Dette skriv UD i si pressemelding 14. september 2007.
Regjeringa har vedteke å slette 2,5 millionar kroner av Gambia si gjeld til Noreg. Gjelda blir sletta innanfor HIPC-rammeverket.
Dette skriv UD i si pressemelding 14. september 2007.
Avtalen byggjer på ei multilateral rammeavtale som vart inngått i Parisklubben – kreditorlanda sitt felles forum – i juni
2007. Parisklubben vedtok då å gje Gambia gjeldslette under det internasjonale gjeldsletteinitiativet for dei fattigaste og
mest gjeldstyngde landa, det såkalla HIPC-initiativet.
I tråd med den norske gjeldsplanen vert gjelda sletta utan at noko budsjett vert belasta. Gjeldsslettinga går difor ikkje
ut over annan bistand til fattige land, men kjem i tillegg til denne.
Etter dette har Gambia ei attverande gjeld til Noreg på 7 millionar kroner. Denne restgjelda vil verte sletta når Gambia har
fullført HIPC-handsaminga si.
Kilde:
Pressemelding frå UD 14. september 2007
Meir om HIPC
http://www.jubileedebtcampaign.org.uk/?lid=97http://go.worldbank.org/85B908KVE0