Nyhetsbrev og Gjeldsbrev
Abonner på vårt nyhetsbrev på e-post og/eller Gjeldsbrevet.
Trykk her for påmelding
16. mai er det nøyaktig ti år sidan starten på den globale Jubilee-rørsla. Hundrevis av menneske rundt heile verda deltek i kampanjen "Drop the Debt Fast" for å markere dette. Samstundes lanserer Jubilee Debt Campaign UK rapporten "Unfinished Business: Ten years of dropping the debt".
16. mai er det nøyaktig ti år sidan starten på den globale Jubilee-rørsla. Hundrevis av menneske rundt heile verda deltek i kampanjen "Drop the Debt Fast" for å markere dette. Blant desse er Nobel fredsprisvinnar Desmond Tutu og presidenten i Guyana, Bharrat Jagdeo.
Samstundes lanserer Jubilee Debt Campaign UK rapporten "Unfinished Business: Ten years of dropping the debt". Rapporten ser på effekta av gjeldsslette gjennom dei siste ti åra, og presenterer utfordringar for gjeldssletterørsla framover. Sjølv om $88 milliardar har blitt sletta gjennom internasjonale prosessar så langt, viser rapporten at over $400 milliardar i "ubetalbar" gjeld gjenstår. Rapporten viser også at rundt $500 milliardar av u-landsgjelda er estimert til å vere odiøs. Denne gjelda kjem frå lån til regimer som Mobutu i Zaire, Suharto i Indonesia og apartheid Sør-Afrika.
Last ned rapporten her.