Dei store koronaprofitørane (Klassekampen)

Laurdag 26. juni var me på trykk i Klassekampen med eit innlegg om korleis private kreditorar tener store pengar på gjeldsbetjening frå hardt pressa land nå i pandemien. Offentlege kreditorar har på si side midlertidig stansa sine krav mot låg- og mellominntektsland. Dei pengane går nå til å betale private kreditorar, heller enn å styrke helsetenestene.

Gjeldsbetjening frå hardt pressa land har gitt store inntekter til finansaktørar det siste året. Undersøkingar viser at 26 låg- og mellominntektsland brukte 20% eller meir av inntektene sine på å betene gjeld. Midt i ein pandemi, når behovet for styrking av helsevesen og sosiale sikkerheitsnett er prekært. Samtidig har økonomien i landa skrumpa kraftig.

I ein rapport frå organisasjonen Eurodad, skriven av ekspertar på statsgjeld, har dei undersøkt over 500 statsobligasjonar frå låg- og mellominntektsland og forsøkt å identifisere kreditorane. Dei neste fem åra er gjeldsbetjeninga på desse obligasjonane forventa å vere 330 mrd. dollar.

Det må skje ein systematisk og effektiv handtering av desse gjeldsproblema for å sikre ein rettferdig og grøn veg ut av koronakrisa. Deltaking frå alle kreditorar, ikkje berre offentlege kreditorar som nasjonalstatar og Verdsbanken, er ein føresetnad for dette. Pengar som offentlege kreditorar har gitt midlertidig avkall på for å bidra til at landa kjem seg gjennom krisa, har omtrent gått krone for krone til private kreditorar, som framleis krev gjeldsbetjening som om ingenting har skjedd.

Den aller største kreditoren er det amerikanske investeringsselskapet BlackRock, som har verdiar på over 15 milliardar i dei undersøkte statsobligasjonane. Statsobligasjonar utgjer ein svært liten aktivaklasse for selskap som BlackRock, men investeringane er svært lukrative i forhold til storleiken. Inntektene stammar frå uansvarlegheit, ved at muligheten for stor avkastning på grunn av høg risiko får vege tyngre enn alle andre omsyn. “Høg risiko” betyr at gjelda i landet byrjar å bli problematisk, men det er nettopp den høge risikoen som har motivert investeringane.

For å illustrere kor lite pengar det er snakk om for dei private kreditorane samanlikna med kor mykje inntekter dei har frå andre aktiva, kan ein sjå verdiane i forhold til median nettoformue til privatpersonar. BlackRock har omtrent 0,2 prosent av sine aktivaverdiar i statsobligasjonar. Median nettoformue i USA var 65 904 dollar i 2019. Gjeldslette tilsvarande statsobligasjonane ville då utgjort 119 dollar.

Tapet frå ein eventuell gjeldsslette vil ikkje kome på BlackRock sjølv, men bærast av kundane dei har investert på vegne av. Ein av desse kundane er vårt eiget Oljefond. Oljefondet har styrka systema for eigen ansvarlegheit i investeringar i statsobligasjonar, og det er nå liten risiko for at Oljefondet direkte har bidratt til gjeldskriser. Fondet er likevel investert i BlackRock og fleire liknande selskap.

Oljefondet må bruke sitt eigarskap til å kreve at BlackRock og andre kreditorar styrkar sin ansvarlegheit, og deltek i prosessar for gjeldsslette og restrukturering av gjeld. Dette er inntekter som stammar frå investeringar som er såpass uansvarlege at Oljefondet ikkje ville gjort det sjølv. Då bør me ikkje få forteneste av at andre gjer det på våre vegne.



Les også:

Facebook Twitter Email