IMF og Verdensbankens vårmøter 2021

Tradisjonen tro ordna SLUG koordineringa av både norsk og nordisk-baltisk sivilsamfunn sin innsats opp mot vårmøta i IMF og Verdensbanken, også i år.

Om møta

Spring Meeting

I forbindelse med vårmøta i IMF og Verdsbanken organiserte SLUG også i år møte med styrerepresentantar og sivilsamfunnsorganisasjonar frå fleire land. 25. mars hadde møte med Mika Pösö, styrerepresentanten i IMF for nordisk-baltisk gruppe. Same veke hadde me også møte med nordisk-baltisk styrerepresentant i Verdsbanken, Geir H. Haarde.

I forkant av vårmøta hadde me også møte med Utanriksdepartementet, Finansdepartementet, Norges Bank og Parisklubbens leiing. Gjennomgåande for alle desse samtalane var spørsmålet om korleis verda skal løyse dei alvorlege statlege gjeldsproblema som kjem i kjølvatnet av pandemien.

Deltakarar og resultat

I møta var desse organisasjonane representert: SLUG – Nettverk for rettferdig gjeldspolitikk, Kirkens Nødhjelp, Changemaker, Redd Barna, Forum for Utvikling og Miljø, Oxfam Ibis (Danmark), Fingo – Finnish Development NGOs (Finland), Act Svenska Kyrkan (Sverige) og Oxfam Sverige.

Cso Spring

Skjermdump frå møtet med Mika Pösö frå IMF.

I løpet av vårmøta, som varte frå 5.-11. april, blei det klart at det skal bli gitt ytterlegare støtte til kriseramma land gjennom IMF sitt system for Special Drawing Rights (SDR). Dette vil bidra til å gje utviklingsland litt meir økonomisk handlingsrom og likviditet gjennom pandemien. Likevel trengs det meir langsiktige løysingar, både for å støtte kriseramma land nå og for å førebygge ny oppbygging av ikkje-berekraftig gjeld.

Me håpar politisk leiing tek med seg våre innspel om å slette gjeld, og styrke dei globale systema for å forhindre framtidige gjeldskriser!



Les også:

Facebook Twitter Email