Noreg må velje klubb - inkludering eller ekskludering

12.-15. april møttest verdas land i FN for å diskutere korleis ein skal finansiere berekraftig utvikling globalt, både umiddelbart etter koronapandemien og på lengre sikt.

(Teksten kan også lesast på Verdidebatt.no - sjå lenke)

Den økonomiske nedturen som pandemien har ført med seg har vore smertefull for mange her i Noreg, men i mange utviklingsland har statsfinansane praktisk talt knekt saman. Det er anslått at det vil bli over 100 millionar fleire menneske som lev i ekstrem fattigdom i løpet av 2021, som ei direkte følge av pandemien.

Gjeldsslette er nødvendig

200Px Fn Logo

Financing for Development Forum, det tidlegare nemnde møtet, var dermed svært viktig i år. Noko av det som fekk stor plass i det offisielle programmet er den økonomiske sårbarheita som store gjeldsbyrder forårsakar, og som har materialisert seg nå under pandemien. For korleis skal dei fattigaste landa i verda skal klare å både betene gjeld til rike land samtidig som koronapandemien tek knekken på økonomiane deira?

Konklusjonen frå dei landa som allereie er i den situasjonen er klar: Det går ikkje. Dei treng gjeldslette. Og dei hamnar i stadig nye kriser fordi det ikkje finst bindande reglar som krev ansvarlegheit i långiving og låneopptak. Dette kom fram under eit høgnivåmøte i FN om gjeldssystemet den 29. mars, og situasjonen har ikkje endra seg sidan.

Gjeldspause for 1,66% av beløpet

Hittil i pandemien har land i gjeldskrise berre fått ei gjeldspause frå G20-landa. Initiativet, under namnet Debt Service Suspension Initiative (DSSI), omfattar ikkje lån frå private kreditorar, og mellominntektsland får ikkje vere med. Då initiativet starta i 2020 betalte utviklingsland 70 gonger meir i gjeldsbetjening enn det beløpet gjeldspausa omfatta, altså dekte DSSI berre 1,66% av gjelda utviklingsland skulle betjene det året.

Tiltaket som nå ligg på bordet, DSSI, er ikkje ambisiøst nok, og vil dermed sette oss på ein kurs mot nye tapte tiår. Rike land og kreditorar belager seg framleis på at dei skal få tilbake mesteparten av tapet korona har påført dei i form av manglande gjeldsbetjening. Det er likevel lite sannsynleg. Ein relativt substansiell del av den statlege gjelda må slettast dersom berekraft skal gjenopprettast.

Sjølvmotseiande «inkludering»

Den felles erklæringa som dei deltakande landa stiller seg bak etter Financing for Development Forum inneheld lite substans på gjeldsfronten, og held fram med eit språk som tyder på at ein ikkje ynskjer å forplikte seg til langsiktige løysingar på dette problemet. Det fyrste utkastet til teksten inneheldt ein anerkjennelse av at fleire land kan bli tvungne ut i gjeldskriser som følgje av pandemien, og at alle utviklingsland må kunne få hjelp av DSSI. Begge desse poenga mangla i den endelege erklæringa.

Difor er det ganske sjølvmotseiande at det endelege dokumentet likevel viser at landa ynskjer å styrke inkluderande dialogar og mekanismar for å diskutere openheit og ansvarlegheit i långiving og låneopptak. DSSI er ikkje ein inkluderande mekanisme i omfang når mellominntektsland ikkje får støtte og ikkje alle kreditorar er med. Initiativet er også ekskluderande i sitt utspring: G20 (som står bak initiativet) er jo gruppa for 20 av dei sterkaste økonomiane i verda. Gruppa representerer mange viktige bilaterale kreditorane, men poenget frå Financing for Development Forum var nettopp å styrke inkluderande diskusjonar. Då kan ikkje debitorland halde fram med å bli ekskludert.

Tid for å velje klubb

Difor håpar me at Noreg vil løfte diskusjonane om ansvarlegheit og openheit i gjeld i dei inkluderande kanalane framover. Frå Noreg si side kom det ingen tydeleg kommunikasjon offentleg om gjeldssituasjonen i verda under dette forumet, noko svært mange av utviklingslanda brukte av si taletid på.

Verda har gått saman om at ein ynskjer meir inkluderande dialogar. Noreg, som ofte får vere med i dei eksklusive klubbane, er dermed svært godt stilt til å ta initiativ til faktisk inkluderande diskusjonar om gjeld, der også debitorlanda får delta i diskusjonen om korleis problema kan handterast. Noreg har også lenge vore tydeleg på at samarbeid og multilateralisme er vegen å gå for å sikre berekraftig utvikling. Nå må me vise at me meiner det, for det trengs heilskaplege og langsiktige løysingar på gjeldsproblem, og skal me løyse pågåande gjeldskriser effektivt og rettferdig må debitorlanda også ha ein plass ved bordet.

16 Tidaetterkorona Utkast3

Vil gjeldssystema etter korona bli annleis enn dei har vore hittil?

Illustrasjon: Petter Bergundhaugen



Les også:

Facebook Twitter Email